Generalforsamling 2025

Output format is unaligned.
Referat frå generalforsamling i Sande Fastlandssamband for 2025

Møtet var på Sande Rådhus, Torsdag 4. juni 2026 og starta kl 18:00

Desse møtte:
Dag Vaagen, Jarle Støylen, Liv Sæther Myskja, Njål Sivertstøl, Bjørn Våge og Jostein Korsnes.

53,37% av aksjane var representerte på møtet.

Sak 1 Konstituering.

a) Innkallinga.

Ingen merknad til innkallinga. Annonse i Vestlandsnytt og Synste-Møre

Men det var eit ønskje om at sakspapir vert sendt ut saman med innkalling på e-post.

b) Val av ordstyrar og referent, samt to til å skrive under møteboka.

Forslag på møteleiar vart Jarle Støylen og til referent vart Jostein Korsnes.

Vedtak:
Slik som det vart føreslege.

Til å skrive under møteboka vart desse oppnemnt: Liv Sæter Myskja og Dag Vaagen

Sak 2 Årsmelding for 2025.

Årsmeldinga vart utdelt på møtet og lesen, med styret og dagleg leiar sin anbefaling til generalforsamlinga i selskapet.

Vedtak:
Årsmeldinga vart teken til vitande

Sak 3 Rekneskap for 2025

Rekneskapen vart lesen og viste at selskapet har eit overskot på kr 2 964 607. Overføring på 3 mill. frå fylket. Dei største utgiftspostane er Senter for Entreprenørskap, Pir 2, Brustugun Brønnboring og Sande Rekneskapskontor.

Vedtak:
Rekneskapen vart godkjend utan merknad.

Sak 4 Val

Valnemnda si innstilling vart lagt fram av Jostein Korsnes.

Frå valnemnda hadde vi fått dette forslaget:

Jarle Støylen som leiar og Bjørn Våge som styremedlem var på val. Leiar skal veljast kvart år og er automatisk med i styret

Varamedlemar skal veljast for eit år i gongen.

Framlegg frå valnemnda :

Styremedlemar:
Jarle Støyen 2026 – 2027 som styreleiar

Bjørn Våge 2026 - 2028

Varamedlemar:

1) Per Halsebakke

2) Ragnar Johan Kvamme

3) Ingvard Nystøyl

Valnemnd (Turnus på to år); Arne Werkland for to år. Knut Olav Skare for eit år.

Vedtak:
Generalforsamlinga sluttar seg til framlegget til valnemnda.

Medlemanevart valde samla med akklamasjon etter framlegget.

Det nye styret er samansett slik:

Styremedlem Periode
Jarle Støylen (leiar, 1 år) 2025 – 2026
Harald Tom Nesvik 2025 – 2027
Bjørn Våge 2024 – 2026

Varamedlemer:

  1. Per Halsebakke
  2. Ragnar Johan Kvamme
  3. Ingvard Nystøyl

Politisk oppnemnt:

Styremedlem Periode Personleg vara Periode
Bjørn Thore Hansen 2026 – 2028 Petter Gunnarstein 2026 – 2028
Liv Sæther Myskja 2026 – 2028 Anne Lise Johansen 2026 – 2028
Ottar Jan Løvoll 2026 – 2028 Tonje Ramse Trædal 2026 – 2028
Njål Sivertstøl 2026 – 2028 Per-Johnny Brekke 2026 – 2028

Valnemnd: Arne Werkland for to år.
Knut Olav Skare eit år

Sak 6 Orientering.

Jostein Korsnes presenterte arbeidet så langt. Planprogram med opsjon på reguleringsplan har vore utlagt på Doffin. Resultatet er ikkje kjent enno.

Liv Sæther Myskja Dag Vaagen