Tidlegare planar

Anbodsdokument

Under ligg planprogrammet, kommunale vedtak, Aas-Jakobsen sin rapport om bru og fylkestinget si saksutgreiing.

Historie

Sande Fastlandssamband vart stifta 03.12.87. Formålet med selskapet var å arbeide for eit køyrbart samband mellom Gurskøy, Sandsøya, Kvamsøya og fastlandet på Åram.

Kvamsøy – Voksa

Dei første åra jobba ein for fylling mellom Kvamsøy – Voksa. Steinen frå fyllinga skulle kome frå Stadt-tunnelen. Total lengd på vegfyllinga ville ha vorte på 2,5 km med ei bru på 300 m. Ved å nytte fylling ville ein i tillegg få skjerma og gode forhold for oppdrett og turisme. Under gitte føresetnader kan fyllingsalternativet konkurrere med tunnel i pris. Rapportar på dette viste ein kostnad på om lag 130 mill. kr.

Vurderingar

Styret i Sande Fastlandssamband vurderte og gjekk igjennom moglegheitene for å få til ei finansiering for eit samband mellom Kvamsøya og Voksa. Her var det for lite trafikkgrunnlag og lite kunne ein vente frå staten. Det var derfor sett på andre måtar å finansiere på. Her kjem den kreative finansieringa fram.

Ein ser på moglege spleise- og innsparingsalternativ. Næringslivet og skular vart då dei største postane ein kunne gjere noko med. Ferja måtte ein framleis ha til å gå ruta Larsnes – Åram – Voksa. Det kunne ha vore eit godt alternativ, fordi ein då ville hatt ferje kvar halvtime. Men det vart ikkje nok innsparingar til å kunne finansiere det.

Det er derfor berre eitt alternativ.

Ferja må inngå i innsparingane, elles vil det ikkje monne nok før ei slik investering som må til her. Det vil seie at ein har valet om å la ting vere som dei er – utan fastsamband – eller arbeide for eit samband til Åram i Vanylven kommune.

Dette vil ikkje vere eit samband som innfrir alle våre ønske, men ut frå natur og geografi nesten innfrir ønsket vårt. Vi må framleis nytte ferje, men den er kort, ca. 10 min, og går ca. 32 gongar per dag (mot 8/9 med dagens ordning).

Ulike traseer

Planane gjekk gjennom mange kreative fasar:

  • Åram – Voksa (Sandvika), 300 m. Resultat: for djupt
  • Åram – Sandsøy (Hidsneset), 180 m. Resultat: for dyrt
  • Kvamsøy – Voksa (Nupen), 300 m. Resultat: for djupt
  • Åram – Sandsøy (Haugsbygda), 270 m. Resultat: for djupt
  • Åram – Voksa – Kvamsøy, 80 m. Resultat: er framleis ein alternativ trasé
  • Kvamsøy – Voksa fylling/bru og tunnel Voksa – Åram. Resultat: er gjeldande trasé